Ein engel (2005)

Beskrivelse: Du har ein engel ved sida di.
Skrevet for Nord-Rana familiekor.

Typer kor: Familiekor

Type sang: Jazz

Se noteark

Last ned noteark

Tekst:

Du kan kjenne det kvar morgon.
Du kan kjenne det kvar kveld.
Du kan tru du er aleine,
men han er der likevel.

Du har ein engel ved sida di.
Ein engel ved sida di der du er.

Du kan kjenne han er nær deg,
at han alltid stør din fot.
Han er der når du er lei deg.
Du kan kjenne han gir mot.

Når ein engel svever rundt deg
kan du kjenne vengjeslag.
For ein engel følger deg
som skuggen din,
og du kjenner mjuke drag
av vengjeslag.

Du kan kjenne det i hjartet.
Han er med i tvil og tru.
Han ber bud om det Gud klarte
då du fekk di himmelbru.

Du kan kjenne det i gleda.
Du kan kjenne det i sorg.
Han er nær deg heile tida
heilt til himmelrik, din borg.

Nyheter

De siste sangene som er lagt ut:

Bless that wonderful name

Dag ble til natt

Søndag morgen