Ei handfull tru (2005)

Beskrivelse: Åpningssang på Sareptakvelder.
Ei handfull tru rekker heile vegen fram til evigheten.

Typer kor: Blandakor

Type sang: Jazz

Se noteark

Last ned noteark

Tekst:

Herre, ei handfull tru er alt eg har.
Du seier det gong på gong
at det er rikeleg.
Kvar dag og kvar natt
ja, kvar time som livet gjev.

Med undring eg ser
mysteriet i mi hand.
Herre, ei handfull tru er alt eg har.
Den trua kan bera meg
heile vegen fram.

Herre, ei handfull tru er alt eg har.
Men orda frå Deg gjev håp.
Dei skapar bilete.
Og då får eg sjå
at ho ikkje må sparast på.

To vindauge har eg i gåve fått.
Dei gjev meg små glimt av Ditt land.
To vindauge opp i mot himmelen.
Der ser eg ei åpen hand.

Herre, ei handfull tru er alt eg har.
I handa mi ser eg liv.
Ja, det er rikeleg.
Eg held på ei kjelde
som aldri vil tørka ut.

Nyheter

De siste sangene som er lagt ut:

Bless that wonderful name

Dag ble til natt

Søndag morgen