Med Jesus vil eg fara (1984)

Beskrivelse: Gammel salme av Elias Blix.

Typer kor: Blandakor

Type sang: Salme

Se noteark

Last ned noteark

Tekst:

Med Jesus vil eg fara
på livsens ferd ilag.
Gud, lat den samferd vara
alt til min døyand dag!
Det er mi høgste æra.
Det er mi største ros.
Hans fylgjesvein å vera,
og vandra i hans ljos.

Min Jesus, sannings stjerna.
Lys opp min mørke veg!
Mitt hjarta vil så gjerna
få flygja etter deg.
Du lyser enn i verdi
som før frå Betlehem.
Ver du mitt ljos på ferdi
til heim med deg eg kjem.

Min Jesus, gjævast givnad,
min eignalut og skatt!
I all min sorg og livnad
meg støtt for auga statt!
Som vesle blomen trugen
ser opp mot sol og dag,
til deg så vender hugen
til deg kvart andedrag.

Min Jesus, Sarons lilja,
bløm fagert opp i meg!
Lat ingen ting meg skilja
og riva bort frå deg!
Du vintre i Guds hage,
min kjære Herre Krist,
unn også meg den lage
å veksa som din kvist!

Du til di grein meg sette
alt i min fyrste vår.
Med livsens dogg meg vætte
gav sol og signa år.
Du vil og vokster gjeva
alt til min siste slutt:
Lat meg i deg få leva,
i deg få anda ut.

Nyheter

De siste sangene som er lagt ut:

Bless that wonderful name

Dag ble til natt

Søndag morgen